søndag 22. april 2012
onsdag 18. januar 2012
Har du noko du skal feire?
Kjære foreldre, konfirmant, brudepar, dåpsbarn eller jubilant!
Har du lyst til å feire deg sjølv eller nokon andre hjå Systrene Nilsen på kaien i Uskedalen?
Vi har flotte lokaler kun eit steinkast frå kyrkja.
Her kan du leiga våre lokaler til ein grei sum. Vi kan tilby deg ein komplett pakke med pynting, dekking, koldtbord, kaker og utvask, eller du kan få nøkkelen til huset og ordna ALT sjølv. Vi skreddarsyr ei god løysing for deg!
Frå og med 1.September har vi ikkje skjenkjeløyve og du kan styra alt av mat/drikke sjølv. Før denne datoen lyt all alkohol gå gjennom kassen.
Ring oss gjerne for meir informasjon, eller send ein uforpliktande e-post til: systrene.nilsen@gmail.com
Beste helsing frå,
Systrene Nilsen in person
Gunnhild & Frøydis
tirsdag 18. oktober 2011
Har du ordna deg plass til årets julebord?
Kontakt Systrene Nilsen for meir informasjon. Vi ser fram til å få deg i julestemning.
Beste helsing,
Systrene Nilsen
mandag 22. august 2011
Takk for besøket!
Systrene Nilsen har hatt sin siste opningsdag sumaren 2011. Det har vore ein formidabel sumar for vår del. Veret har ikkje vore med oss, men folket har tatt godt i mot oss uansett. Kvar einaste skaldyrafta har vore smekkfull, og kvar laurdag har det vore "hæla i taket", helg etter helg.
Vi er svært takksame for mottakinga vi har fått frå alle rundt oss. Vi er no klare for ei evaluering av sumaren og vil gjera det vi kan for å forbetra oss til neste opning!
Takk for besøket og velkomen tilbake!
Med venleg helsing tilsette ved Systrene Nilsen
tirsdag 26. juli 2011
mandag 25. juli 2011
Xtina's Funky Blues Delivery måtte avlyse pga. akutt sykdom

Det er trist å måtte sei det, men Christinas Funkey Blues Delivery måtte desverre avlysa i dag pga. akutt sykdom. Vi har prøvd å få tak i erstatning, men pga. så kort frist har vi ikkje fått noko på plass. Systrene Nilsen held allikevel ope og vi ska gjer vårt ytterste for at denne sommarkvelden allikevel blir ein kjekk kveld. Det vert då også selvfølgelig ingen cover i døra.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






